Søk etter filer

Du kan søkje etter filer basert på filnamn eller filtype direkte i filhandsamaren.

Søk

  1. Opne Filer-appen frå Aktivitetar-oversynet.

  2. Viss du veit at filene du vil ha ligg i ei bestemt mappe, gå til den mappa.

  3. Skriv inn eit ord eller fleire ord som du veit finst i filnamnet, så vert dei viste i søkjefeltet. Skriv til dømes faktura dersom du kallar alle fakturaene dine med ordet «faktura». Ord vert matcha uavhengig av stor og liten bokstav.

    I staden for å skrive ord direkte for å få opp søkjefeltet, kan du klikke på Search key symbol i verktøylinja, eller trykkje Ctrl+F.

  4. Du kan avgrense resultata dine etter dato, etter filtype og etter om du vil søkje i fulltekst i ei fil, eller berre søkje etter filnamn.

    For å bruke filter, vel du rullegardinmenyen til venstre for Search key symbol-ikonet i filhandsamaren, og vel frå dei tilgjengelege filtera:

    • Når: Kor langt tilbake vil du søkje?

    • Kva: Kva type element er det?

    • Søk: Skal søket ditt ta med fulltekstsøk, eller berre søkje i filnamna?

  5. For å fjerne eit filter, vel du X ved sida av filtermerket du vil fjerne.

  6. Du kan opne, kopiere, slette eller på anna vis arbeide med filene dine frå søkjeresultata, akkurat som du ville frå ei mappe i filhandsamaren.

  7. Klikk på Search key symbol i verktøylinja på nytt for å avslutte søket og gå tilbake til mappa.