Gøyme ei fil
Filhandsamaren Filer gjev deg moglegheita til å skjule og vise filer etter eige ynskje. Når ei fil er skjult, vert ho ikkje vist av filhandsamaren, men ho er framleis i mappa si.
For å skjule ei fil, gjev du namnet ei fil eit . i starten. Til dømes, for å skjule ei fil med namnet example.txt, bør du gje ho namnet .example.txt.
Du kan gøyme mapper på same måte som du kan gøyme filer. Gøym ei mappe ved å setje eit . framfor namnet på mappa.
Vis fram ei fil
For å vise ei skjult fil, gå til mappa som inneheld den skjulte fila. Trykk på menyknappen i sidefeltet i vindauget og vel Vis skjulte filer, eller trykk Ctrl+H. Finn deretter den skjulte fila og gje ho eit nytt namn slik at det ikkje står eit . framfor namnet. Til dømes, for å vise ei fil som heiter .example.txt, bør du gje ho namnet example.txt.
Når du har gjeve fila eit nytt namn, kan du anten trykkje på menyknappen i sidefeltet i vindauget og slå av Vis skjulte filer, eller trykkje Ctrl+H for å skjule andre skjulte filer att.
Som standard ser du berre skjulte filer i filhandsamaren fram til du lukkar filhandsamaren. For å endre dette oppsettet slik at filhandsamaren alltid viser skjulte filer, sjå Viser innstillingar i Filer.
Dei fleste skjulte filene vil ha eit . i starten av namnet, men andre kan ha eit ~ i staden på slutten av namnet. Desse filene er sikkerheitskopiar. Sjå Kva er ei fil med ein ~ til slutt i namnet? for meir informasjon.