Kople datamaskina di til ei blåtanneining
Før du kan bruke ei blåtanneining som ei mus eller eit hovudsett, må du først kople datamaskina di til eininga. Dette vert òg kalla paring av blåtanneiningane.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Blåtann.
Klikk på Blåtann for å opne panelet.
Sjå til at blåtann er på: brytaren øvst skal stå på. Når panelet er ope og brytaren er på, vil datamaskina byrje å søkje etter einingar.
Gjer den andre blåtanneininga oppdagbar eller synleg og plasser ho innanfor 5-10 meter (om lag 16-33 fot) frå datamaskina di.
Klikk på eininga i Einingar-lista. Vindauget for eininga vert opna.
-
Om det er nødvendig, stadfest PIN-koden på den andre eininga di. Eininga skal vise deg PIN-koden du ser på dataskjermen. Stadfest PIN-koden på eininga (du må kanskje klikke på Kople saman eller Stadfest), og klikk deretter på Stadfest på datamaskina.
Du må fullføre registreringa innan om lag 20 sekund på dei fleste einingar, elles vert ikkje tilkoplinga fullført. Om det skjer, gå tilbake til einingslista og start på nytt.
Oppføringa for eininga i Einingar-lista vil vise ein Tilkopla-status.
For å redigere eininga, klikk på han i Einingar-lista. Du vil sjå eit panel som er spesifikt for eininga. Det kan vise tilleggsalternativ som gjeld for den typen eining du koplar til.
Lukk panelet når du har endra innstillingane.
Når éin eller fleire blåtanneiningar er kopla til, vert blåtannikonet vist i systemstatusfeltet.