Kople frå ei blåtanneining
Viss du ikkje lenger ynskjer å vere kopla til ei blåtanneining, kan du fjerne koplinga. Dette er nyttig viss du ikkje lenger vil bruke ei eining som ei mus eller eit hovudsett, eller viss du ikkje lenger ynskjer å overføre filer til eller frå ei eining.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Blåtann.
Klikk på Blåtann for å opne panelet.
Vel eininga du vil kople frå i lista.
I dialogvindauget for eininga slår du av Tilkopling-brytaren. For å fjerne eininga frå Einingar-lista, klikk Fjern eining.
Du kan kople til på nytt ei blåtanneining seinare om du ønskjer.