Kva er blåtannsynlegheit?
Blåtannsynlegheit viser til om andre einingar kan oppdage datamaskina di når dei søkjer etter blåtanneiningar. Når blåtann er slått på og Blåtann-panelet er ope, vil datamaskina di annonsere seg sjølv til alle andre einingar innanfor rekkevidd, slik at dei kan prøve å kople seg til datamaskina di.
Du kan endre namnet datamaskina di viser til andre einingar.
Etter at du har kopla til ei eining, treng korkje datamaskina eller eininga å vere synleg for å kommunisere med kvarandre.
Einingar utan skjerm har som regel ein paringsmodus som kan aktiverast ved å halde inne ein knapp, eller ein kombinasjon av knappar, anten når dei alt er slått på, eller idet dei vert slått på.
Den beste måten å finne ut korleis du går inn i den modusen er å sjå i bruksanvisinga til eininga. For nokre einingar kan framgangsmåten vere litt annleis enn vanleg.