Lås dei påslåtte utvidingane

I GNOME Shell kan du hindre brukaren i å slå utvidingar av eller på ved å låse nøklane org.gnome.shell.enabled-extensions og org.gnome.shell.development-tools. Slik kan du gje brukaren eit sett med utvidingar som må brukast.

Når nøkkelen org.gnome.shell.development-tools er låst, sørgjer det for at brukaren ikkje kan bruke GNOME Shell sitt integrerte verktøy for feilsøking og inspeksjon (Looking Glass) til å slå av obligatoriske utvidingar.

Lås nøklane org.gnome.shell.enabled-extensions og org.gnome.shell.development-tools

  1. Opprett ein user-profil i /etc/dconf/profile/user:

    user-db:user
    system-db:local
  2. Opprett ein local-database for innstillingar for heile maskina i /etc/dconf/db/local.d/00-extensions:

    [org/gnome/shell]
    # List opp alle utvidingar du vil slå på for alle brukarar
    enabled-extensions=['myextension1@myname.example.com', 'myextension2@myname.example.com']
    # Slå av tilgang til Looking Glass
    development-tools=false

    Nøkkelen enabled-extensions fører opp dei påslåtte utvidingane med uuid-en deira (myextension1@myname.example.com og myextension2@myname.example.com).

    Nøkkelen development-tools er sett til false for å slå av tilgang til Looking Glass.

  3. Overstyr innstillinga til brukaren og hindre brukaren i å endre ho i /etc/dconf/db/local.d/locks/extensions:

    # Lås lista over aktiverte utvidingar
    /org/gnome/shell/enabled-extensions
    /org/gnome/shell/disabled-extensions
    /org/gnome/shell/development-tools
  4. Oppdater systemdatabasane:

    # dconf update

Når nøklane org.gnome.shell.enabled-extensions og org.gnome.shell.development-tools er låste, lastar ikkje GNOME Shell utvidingar i ~/.local/share/gnome-shell/extensions eller /usr/share/gnome-shell/extensions som ikkje står i nøkkelen org.gnome.shell.enabled-extensions, og brukaren kan dermed ikkje bruke dei.