Slå på utvidingar for heile maskina
For å gjere utvidingar tilgjengelege for alle brukarar på systemet installerer du dei i mappa /usr/share/gnome-shell/extensions. Merk at nyinstallerte utvidingar for heile maskina er slått av som standard.
Du må setje nøkkelen org.gnome.shell.enabled-extensions for å velje kva utvidingar som skal vere slått på som standard. Men for augneblinken finst det ingen måte å slå på fleire utvidingar for brukarar som alt har logga inn. Dette gjeld ikkje brukarar som har installert og slege på sine eigne GNOME-utvidingar.
Set nøkkelen org.gnome.shell.enabled-extensions
-
Opprett ein user-profil i /etc/dconf/profile/user:
user-db:user system-db:local -
Opprett ein local-database for innstillingar for heile maskina i /etc/dconf/db/local.d/00-extensions:
[org/gnome/shell] # List opp alle utvidingar du vil slå på for alle brukarar enabled-extensions=['myextension1@myname.example.com', 'myextension2@myname.example.com']Nøkkelen enabled-extensions fører opp dei påslåtte utvidingane med uuid-en deira (myextension1@myname.example.com og myextension2@myname.example.com).
-
Oppdater systemdatabasane:
# dconf update