Set standardfavorittappar

Favorittappar er dei som er synlege på dashbordet i GNOME Shell. Du kan bruke dconf til å setje favorittappar for éin brukar, eller til å setje dei same favorittappane for alle brukarar. I begge tilfella må du først redigere dconf-profilen i /etc/dconf/profile/user.

Set ulike favorittappar for ulike brukarar

Du kan setje standardfavorittappane for kvar brukar ved å endre brukardatabasen deira via gsettings. Følgjande dømekommando set Tekstredigering, Terminal og Filer (nautilus) som standardfavorittar for ein brukar.

Innhaldet i /etc/dconf/profile/user:

# Denne linja lèt brukaren endre standardfavorittane seinare
user-db:user

Set Tekstredigering, Terminal og Filer som standardfavorittar:

# gsettings set org.gnome.shell favorite-apps "['org.gnome.TextEditor.desktop', 'org.gnome.Terminal.desktop', 'org.gnome.Nautilus.desktop']"

Du kan også låse innstillingane ovanfor for å hindre at brukarar endrar dei.

Set dei same favorittappane for alle brukarar

For å ha dei same favorittane for alle brukarar må du endre systemdatabasefilene med dconf-nøkkelfiler. Stega nedanfor redigerer dconf-profilen og opprettar så ei nøkkelfil som set standard favorittappar for alle brukarar i local-oppsettdatabasen.

Set favorittappane

  1. Opprett user-profilen som inneheld desse linjene:

    /etc/dconf/profile/user

    user-db:user
    system-db:local

    local er namnet på ein dconf-database.

  2. Create the directory /etc/dconf/db/local.d/ if it does not already exist.

  3. Opprett nøkkelfila /etc/dconf/db/local.d/00-favorite-apps for å gje informasjon til local-databasen.

    Innhaldet i /etc/dconf/db/local.d/00-favorite-apps:

    # Utdraget set gedit, terminal og nautilus som standardfavorittar for alle brukarar
    [org/gnome/shell]
    favorite-apps = ['gedit.desktop', 'gnome-terminal.desktop', 'nautilus.desktop']
  4. For å hindre at brukaren overstyrer desse innstillingane, opprettar du fila /etc/dconf/db/local.d/locks/favorite-apps med dette innhaldet:

    /etc/dconf/db/local.d/locks/favorite-apps

    # Lås standardfavorittappar
    /org/gnome/shell/favorite-apps
  5. Oppdater systemdatabasane:

    # dconf update
  6. Brukaren må logge ut og inn på nytt før systeminnstillingane vert gjeldande.