Styr systeminnstillingar med nøkkelfiler
Systemdatabasefilene i /etc/dconf/db kan ikkje redigerast, fordi dei er skrivne i GVDB-format. For å endre systeminnstillingar med eit tekstredigeringsprogram kan du endre nøkkelfiler i nøkkelfilmapper. Kvar nøkkelfilmappe svarar til ei bestemt systemdatabasefil og har same namn som databasefila med tillegget «.d» (til dømes /etc/dconf/db/local.d). Alle nøkkelfilmappene ligg i /etc/dconf/db, og kvar av dei inneheld nøkkelfiler i eit spesielt format som kan kompilerast inn i dconf-databasen.
Ei nøkkelfil i denne mappa ser omtrent slik ut:
# Nyttige standardinnstillingar for verksemda vår
[system/proxy/http]
host='172.16.0.1'
enabled=true
[org/gnome/desktop/background]
picture-uri='file:///usr/local/rupert-corp/company-wallpaper.jpeg'
dconf update må køyrast kvar gong du endrar ei nøkkelfil. Då samanliknar dconf tidsstempelet på ei systemdatabasefil med tidsstempelet på den tilhøyrande nøkkelfilmappa. Er tidsstempelet på nøkkelfilmappa nyare enn det på databasefila, lagar dconf fila system-db på nytt og sender eit varsel til system-D-Bus, som i sin tur ber alle køyrande appar lese innstillingane sine på nytt.
Gruppenamnet i nøkkelfila viser til ein GSettings-skjema-ID. Til dømes viser org/gnome/desktop/background til skjemaet org.gnome.desktop.background, som inneheld nøkkelen picture-uri.
Verdiane under ei gruppe skal stå i serialisert GVariant-form.