Kople til eit IRC-nettverk
Første gongen du startar Polari, vert du beden om å velje eit nettverk. Polari har over femti IRC-nettverk ferdig sette opp. Vel IRC-nettverket du vil kople til, og klikk på det.
Viss du ikkje ser IRC-nettverket du vil kople til, kan du òg skrive inn opplysningane om nettverket sjølv. Klikk på knappen Tilpassa nettverk og skriv inn Tenaradresse. I feltet Nettverksnamn kan du om du vil skrive inn namnet på nettverket slik du vil at det skal visast i nettverkslista.
Etter at du har kopla til eit IRC-nettverk, kan du òg kople til andre IRC-nettverk.
Trykk på + øvst til venstre.
Trykk på Legg til nettverk og vel IRC-nettverket du vil kople til frå lista, eller trykk på Tilpassa nettverk og skriv inn opplysningane.
Skriv inn namnet på praterommet du vil gå inn i, eller vel eitt eller fleire praterom frå lista, og trykk så Gå inn.
Trykk på knappen Gå inn for å kople til rommet eller romma.
Viss IRC-nettverket du koplar til, brukar ein eigen port, kan du leggje portnummeret til etter namnet på nettverket med eit kolon imellom, til dømes irc.example.org:12345
