Prate med nokon på IRC

Du kan ha private samtalar med andre IRC-brukarar, utanfor dei offentlege IRC-prateroma. For å starte ein samtale med ein annan IRC-brukar:

  1. Klikk på namnet til personen i kanalen som du vil byrje å prate med.

  2. Det kjem opp informasjon om brukaren, mellom anna namnet og når brukaren sist var aktiv i kanalen. Klikk på Start samtale for å starte ein privat samtale.

Ein annan måte å starte ein samtale med ein brukar på:

  1. Øvst til høgre i Polari står det eit tal som viser kor mange brukarar det er i praterommet. Klikk på talet.

  2. Vel namnet på brukaren du vil sende melding til. Det kjem opp informasjon om brukaren, mellom anna namnet og når brukaren sist var aktiv i kanalen.

  3. Trykk på Start samtale for å starte ein privat samtale.

Ein ny privat samtale startar, og det vert oppretta eit praterom. Praterommet vert vist i sidefeltet til venstre i Polari med namnet på personen du pratar med.