Gå inn i eit IRC-praterom
Du kan gå inn i IRC-praterom (òg kalla IRC-kanalar) på alle IRC-nettverk du er kopla til. Sjå Kople til eit IRC-nettverk for korleis du koplar til eit IRC-nettverk.
Slik går du inn i eit IRC-praterom:
Trykk + øvst til venstre.
Skriv inn namnet på praterommet du vil gå inn i, eller vel eitt eller fleire praterom frå lista, og trykk så Gå inn. Du kan velje fleire rom frå lista.
Klikk på knappen Gå inn for å kople til praterommet eller prateromma.
