Bruke passord for kallenamnet på IRC
På somme IRC-nettverk kan du registrere kallenamnet ditt hos ei teneste som heiter NickServ. Ved å sende særskilde meldingar til NickServ kan du setje passord og identifisere deg. Somme IRC-praterom slepper deg kanskje ikkje inn utan eit registrert kallenamn.
Polari støttar førebels ikkje automatisk registrering av kallenamn. Kvart IRC-nettverk handsamar registrering av kallenamn på sin eigen måte, og du må sjekke med IRC-nettverket korleis du registrerer kallenamnet ditt. Når du har registrert eit kallenamn, må du sende ei melding til NickServ for å identifisere deg etter at du har kopla til IRC-nettverket, med denne kommandoen:
/msg NickServ identify brukarnamn passord
Trykk Enter
Bruk brukarnamnet og passordet du registrerte hos IRC-nettverket, i denne kommandoen.
Polari hugsar brukarnamnet og passordet ditt, og neste gong du koplar til IRC-nettverket, identifiserer Polari deg automatisk hos NickServ-tenesta.
Desse instruksjonane lèt deg berre bruke eit passordverna kallenamn på visse IRC-nettverk. Det er førebels ikkje mogleg å registrere eit IRC-kallenamn eller endre passordet for kallenamnet med Polari.
