Lag spelelister med artistar

Du kan sjå alle artistane og songane deira ved å klikke på Artistar-knappen.

For å lage ei ny speleliste medan du er i Artistar-visinga:

  1. Klikk på hakeknappen øvst til høgre i vindauget.

  2. Vel alle artistane du vil leggje songar frå inn i spelelista.

  3. Klikk på knappen Legg til i speleliste.

  4. Klikk på Ny speleliste og skriv inn eit namn på spelelista.

  5. Klikk på Vel.

For å velje alle songane klikkar du Klikk på element for å velje dei ▸ Vel alle i verktøylinja, eller trykkjer Ctrl+A.

For å tømme utvalet klikkar du Klikk på element for å velje dei ▸ Vel ingen i verktøylinja.