Kvifor er nettbrettet mitt ukjent?

For at GNOME skal kunne initialisere eit nettbrett med dei rette eigenskapane som trykk, vinkel, kartleggbare knappar, etc. må det først vite kva eigenskapar som er tilgjengelege. Denne informasjonen vert ikkje gjeven av einingane, men ligg i ein statisk einingsdatabase som vert gjeven av libwacom-biblioteket. Einingar må leggjast til individuelt i denne databasen og kan difor hende at dei enno ikkje er tilgjengelege i den versjonen av libwacom som følgjer med distribusjonen din.

Viss eit nettbrett ikkje vert støtta av libwacom, kan GNOME ikkje vite kva funksjonar som er tilgjengelege. GNOME går då ut frå at nettbrettet er innebygd i ein av utgangane (det innebygde viss tilgjengeleg) og at det ikkje har eksterne knappar. Pennverktøyet vert som standard eit standardverktøy med to knappar. Dette har vanlegvis liten effekt på nettbrettet sin funksjonalitet, men det avgrensar oppsettet av nettbrettet.

For instruksjonar om korleis du legg til ei eining, sjå instruksjonane i libwacom-lageret.