Kartlegg nettbrettet sine knappar

Maskinvareknappane på eit nettbrett kan konfigurerast til ulike funksjonar.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Wacom-brettet.

  2. Klikk på Wacom-brettet for å opne vindauget.

    Om ingen nettbrett vert oppdaga, vert du bedt om å Kopla til eller slå på Wacom-teikneplata di. Klikk Blåtann i sidefeltet for å kople til eit trådlaust nettbrett.

  3. Trykk på Knytt knappar.

  4. Eit skjermvindauge viser oppsettet på knappane på nettbrettet. Trykk på kvar knapp på nettbrettet og vel ein av desse funksjonane:

    • Definert av program

    • Vis hjelpetekst på skjermen

    • Byt skjerm

    • Send tastetrykk

  5. Trykk Ferdig når kvar knapp er konfigurert, og trykk Esc for å avslutte.