Endre passordet ditt

Det er lurt å byte passordet ditt frå tid til tid, særleg om du trur nokon andre kjenner passordet ditt.

Du treng administrator-tilgang for å redigere brukerkontoar andre enn din eigen.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.

  2. Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.

  3. Vel Brukarar for å opne panelet.

  4. Trykk på merket ····· ved sida av Passord. Skal du endre passordet for ein annan brukar, må du først Lås opp panelet og velje brukaren under Andre brukarar.

  5. Skriv inn noverande passord, og deretter eit nytt passord. Skriv det nye passordet på nytt i Stadfest nytt passord-feltet.

    Du kan trykkje på lag passord-ikonet for å automatisk lage eit tilfeldig passord.

  6. Klikk Endra.

Sjå til at du vel eit godt passord. Dette vil hjelpe til med å halde brukarkontoen din trygg.

Når du oppdaterer innloggingspassordet ditt, vert innloggingsnøkkelringen sitt passord automatisk oppdatert til å vere det same som det nye innloggingspassordet ditt.

Om du gløymer passordet ditt, kan kvar brukar med administratorrettar endre det for deg.