Endre kven som har administrative privilegium
Administrative privilegium er ein måte å avgjere kven som kan gjere endringar i viktige delar av systemet. Du kan endre kva brukarar som har administrative privilegium og kven som ikkje har det. Dei er ein god måte å halde systemet ditt trygt på og hindre potensielt skadelege uautoriserte endringar.
Du treng administratorrettar for å endre kontotypar.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Brukarar for å opne panelet.
Trykk Lås opp øvst til høgre og skriv inn passordet ditt når du vert bedt om det.
Under Andre brukarar, vel brukaren du vil endre rettane til.
Slå på Administrator-brytaren.
Brukaren sine privilegium vert endra når dei neste gong loggar inn.
Den fyrste brukarkontoen på systemet er vanlegvis den som har administratorrettar. Dette er brukarkontoen som vart oppretta då du fyrst installerte systemet.
Det er ikkje klokt å ha for mange brukarar med Administrator-privilegiar på eit system.