Del musikken, bileta og videoane dine

Du kan bla, søkje og spele av media på datamaskina di ved hjelp av ein UPnP eller DLNA-aktivert eining som ein telefon, TV eller spelkonsoll. Konfigurer Mediedeling for å la desse einingane få tilgang til mappene som inneheld musikken, bileta og videoane dine.

Du må ha pakken Rygel installert for at Mediedeling skal vere synleg.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Deling.

  2. Klikk på Deling for å opne panelet.

  3. Viss teksten under Einingsnamn lèt deg redigere han, kan du endre namnet datamaskina di viser på nettverket.

  4. Vel Mediedeling.

  5. Slå på Mediedeling-brytaren.

  6. Som standard vert Musikk, Bilete og Videoar delte. For å fjerne ein av desse, klikk på × ved sida av mappestødet.

  7. For å leggje til ei mappe til, klikk + for å opne Vel ei mappe-vindauget. Naviger inn i den ønskte mappa og klikk Opne.

  8. Lukk Mediedeling-vindauget. Du kan no bla gjennom eller spele av media i mappene du valde med den eksterne eininga.

Nettverk

Avdelinga Nettverk viser nettverka du er kopla til no. Bruk brytaren ved sida av kvart nettverk for å velje kvar du vil dele media.