Del skrivebordet ditt
Med ein skrivebordsvisings-app kan du la andre sjå og styre skrivebordet ditt frå ein annan eining. Konfigurer Skrivebordsdeling for å la andre få tilgang til skrivebordet ditt og setje tryggleiksinnstillingane.
Viss du vil logge på brukarkontoen din frå avstand, sjå Fjerninnlogging.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Fjernskrivebord for å opne Skrivebordsdeling-vindauget.
For at andre skal kunne sjå skrivebordet ditt, slå på Skrivebordsdeling. Dette betyr at andre vil kunne prøve å kople seg til eininga di og sjå skjermen din.
For at andre skal kunne samhandle med skrivebordet ditt, slår du på Fjernstyring. Dette kan gjere at den andre personen kan flytte markøren din, køyre appar og bla i filene dine, avhengig av tryggleiksinnstillingane du brukar for tida.
Koplar til
Avsnittet Korleis kopla til viser Vertsnamn og Port som kan brukast på eininga du koplar deg til. Klikk på knappen ved sidan av kvar oppføring om du vil leggje det i utklippstavla. Du kan òg opprette ei tilkopling med IP-adressa di.
Viss du også slår på Fjerninnlogging, vert portnummeret sett til 3389. Det tyder at Skrivebordsdeling vil bruke ein annan port, til dømes 3390.
Viss portnummeret ikkje er 3389, må du oppgi det når du koplar til.
Når den andre eininga er kopla til skrivebordet ditt, vil du sjå Skjerm vert delt-ikonet i systemstatusområdet ditt.
Viss teksten som er sett til Einingsnamn kan redigerast, kan du endre namnet på eininga di i nettverket.
Autentisering
Innloggingsdetaljar-delen viser brukarnamn og passord som skal brukast i klientprogramvaren for å kople til skrivebordet ditt.
Klikk Stadfesta kryptering for å vise krypteringsfingeravtrykket. Samanlikn det med verdien som vert vist av klienten når han koplar til: dei skal vere identiske.
Klientar
For å kople til skrivebordet frå ei anna eining, er det kjent at følgjande klientar fungerer.
- Frå Linux:
Remmina, ein GTK-klient, er tilgjengeleg som pakke i dei fleste distribusjonar, og også som ein flatpak. Bruk standardinnstillingar, særskilt «Automatisk» for Fargedybde i tilkoplingsprofilen.
Tilkoplingar, ein GTK-klient, er tilgjengeleg som pakke i dei fleste distribusjonar, og også som ein flatpak.
xfreerdp er ein kommandolinjeklient som er tilgjengeleg som pakke i dei fleste distribusjonar. Valet /network:auto skal sendast til klienten på kommandolinja.
- Frå Microsoft Windows:
mstsc er den innebygde Windows-klienten. Standardinnstillingar er tilrådd.
- Frå Linux, Windows eller macOS:
Thincast er ein proprietær klient. Linux-versjonen er tilgjengeleg som ein flatpak. Standardinnstillingar er tilrådd.
Sjekkar tilkoplinga
-
I den valde klienten din, skriv inn Vertsnamn eller IP-adresse.
Viss portnummeret er annleis enn 3389, oppgjev det (adresse:port).
På mange nettverk må du leggje til eit «.local»-suffiks til datamaskinens namn for at tilkoplinga skal fungere.
Fyll inn brukarnamn og passord for Skrivebord-deling.
Stopp deling av skrivebordet
For å kople frå nokon som ser på skrivebordet ditt, følgjer du stega nedanfor.
Klikk på systemmenyen på høgresida av topplinja.
Klikk Skjerm vert delt.
Klikk Slå av.