Konfigurer søk etter filsystemplasseringar

Følg desse stega for å velje kva filsystemplasseringar som er søkbare frå Aktivitetar-oversynet:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og skriv Søk.

  2. Vel Innstillingar ▸ Søk frå resultata. Dette opnar Søk-panelet.

  3. Klikk Søkjelokasjonar.

  4. Slå på eller av alle filsystemplasseringar under Standardlokasjonar.

For å ta med ein tilpassa filplassering i søkjeresultata dine, følg desse stega:

  1. Følg trinn 1-3 over.

  2. Under Tilpassa lokasjonar, klikk + Legg til plassering.

  3. Vel filsystemplasseringa du vil ta med i søkjeresultata.

  4. Klikk Vel.