Korleis kan eg sjekke blekknivået eller tonernivået til skrivaren?
Korleis du sjekkar kor mykje blekk eller tonar som er att i skrivaren din, avheng av modellen og produsenten på skrivaren din, og drivarane og appane som er installerte på datamaskina di.
Somme skrivarar har ein innebygd skjerm for å vise blekknivå og annan informasjon.
Nokre skrivarar rapporterer tonernivå eller blekknivå til datamaskina, som du finn i Skrivarar-panelet i Innstillingar. Blekknivået vert vist saman med skrivardetaljane dersom det er tilgjengeleg.
Drivarane og statusverktøya for dei fleste HP-skrivarane vert levert av HP Linux Imaging and Printing (HPLIP)-prosjektet. Andre produsentar kan levere proprietære drivarar med liknande funksjonar.
Alternativt kan du installere ein app for å sjekke eller overvake blekknivå. Inkblot viser blekkstatus for mange HP-, Epson- og Canon-skrivarar. Sjå om skrivaren din står på lista over støtta modellar. Ein annan app for blekknivå for Epson og nokre andre skrivarar er mtink.
Somme skrivarar er enno ikkje godt støtta på Linux, og andre er ikkje laga til å rapportere blekknivået sitt.