Kvifor vart datamaskina mi slått av då batteriet kom ned til 10 %?
Når ladenivået på batteriet vert for lågt, slår datamaskina seg automatisk av. Dette gjer han for å sikre at batteriet ikkje vert heilt utladd, sidan det er dårleg for batteriet. Dersom batteriet berre går tomt, ville datamaskina heller ikkje ha hatt tid til å slå seg ordentleg av.
Hugs at når datamaskina slår seg av automatisk, vert appane og dokumenta dine ikkje lagra. For å unngå å miste arbeidet ditt, bør du lagre det før batteriet vert for lågt.