Vifta i den berbare datamaskina går heile tida

Viss kjølevifta i bæraren din alltid går, kan det vere at maskinvara som styrer kjølesystemet i bæraren ikkje er godt nok støtta i Linux. Enkelte bærarar treng ekstra programvare for å styre kjøleviftene sine effektivt, men denne programvara er kanskje ikkje installert (eller tilgjengeleg for Linux i det heile), og dermed går viftene berre på full fart heile tida.

Dersom dette er tilfelle, kan du kanskje endre nokre innstillingar eller installere ekstra programvare som gjev full kontroll over vifta. Til dømes kan vaiofand installerast for å styre viftene på enkelte berbare Sony VAIO-datamaskinar. Å installere slik programvare er ein teknisk prosess som er sterkt avhengig av kva merke og modell du har på den berbare datamaskina, så du vil kanskje søkje spesifikke råd om korleis du gjer det på din datamaskin.

Det er også mogleg at berbare datamaskina di berre produserer mykje varme. Dette tyder ikkje nødvendigvis at ho vert overopphita; det kan hende at vifta berre treng å gå på full fart heile tida for at ho skal halde seg kjølig nok. Om dette er tilfelle, har du lite val enn å la vifta gå på full fart heile tida. Du kan av og til kjøpe ekstra kjøletilbehøyr til den berbare datamaskina di som kan hjelpe.