Internettet ser ut til å vere sakte
Viss du brukar internett og det verkar tregt, er det fleire ting som kan vere årsaka til at det går seint.
Prøv å lukke nettlesaren din og så opne han på nytt, og kople frå internett og så kople til att. (Dette nullstiller mange ting som kan få internett til å køyre sakte.)
-
Travl tid på dagen
Internettleverandørar set vanlegvis opp internettilkoplingar slik at dei vert delte mellom fleire hushald. Sjølv om du koplar deg til separat, gjennom di eiga telefonlinje eller kabeltilkopling, kan tilkoplinga til resten av internett i telefonsentralen faktisk vere delt. Dersom dette er tilfelle og mange av naboane dine brukar internett samtidig som deg, kan du merke ein nedgang. Du opplever mest sannsynleg dette på tider då naboane dine truleg er på internett (til dømes på kvelden).
-
Laster ned mykje på ein gong
Viss du eller nokon andre som brukar internettforbindelsen din lastar ned fleire filer samtidig, eller ser på videoar, er det mogleg at internettforbindelsen ikkje er rask nok til å halde følgje med behovet. I dette tilfellet vil det opplevast som om det går langsamare.
-
Ustabil tilkopling
Somme internettilkoplingar er berre upålitelege, særleg mellombelse eller dei i område med høg etterspørsel. Om du er i ein travel kaffibar eller i eit konferansesenter, kan internettilkoplinga vere for overbelasta eller rett og slett upåliteleg.
-
Lågt trådlaust tilkoplingstegn
Viss du er kopla til internett via trådlaust (Wi-Fi), kan du sjekke nettverksikonet i topplinja for å sjå om du har godt trådlaust signal. Viss ikkje, kan internett vere tregt fordi du ikkje har eit sterkt signal.
-
Brukar ein langsamare mobil internettforbindelse
Om du har ein mobil internettforbindelse og merkar at han er treg, kan det hende du har flytta deg inn i eit område med dårleg signalmottaking. Når dette skjer, vil internettforbindelsen automatisk byte frå ein rask «mobilt breiband»-forbindelse som 3G til ein meir påliteleg, men tregare, forbindelse som GPRS.
-
Nettlesaren har eit problem
Nettlesarar kan av og til møte eit problem som gjer at dei køyrer sakte. Dette kan skuldast mange grunnar — du kan ha vitja ein nettstad som nettlesaren sleit med å laste, eller du kan ha hatt nettlesaren open lenge, til dømes. Prøv å lukke alle vindauga i nettlesaren og opne nettlesaren på nytt for å sjå om dette gjer ein skilnad.