Avgjer kva versjon av GNOME som køyrer
Du kan finne ut kva versjon av GNOME som køyrer på systemet ditt ved å gå til Om-panelet i Innstillingar.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Om for å opne vindauget.
Vel Systemdetaljar.
Eit vindauge vert vist som viser informasjon om systemet ditt, inkludert namnet på distribusjonen din og GNOME-versjonen.