Kva er ei fil med ein ~ til slutt i namnet?

Filer med ein ~ til slutt i namnet (til dømes example.txt~) er automatisk oppretta sikkerheitskopiar av dokument som er redigert i teksthandsamaren gedit eller andre appar. Det er trygt å slette dei, men det gjer inga skade å la dei liggje på datamaskina di.

Desse filene er skjulte som standard. Om du ser dei, er det fordi du anten valde Vis skjulte filer (i hovudmenyen til Filer-sidefeltet) eller trykte Ctrl+H. Du kan skjule dei att ved å gjenta eitt av desse stega.

Desse filene vert handsama på same måte som vanlege skjulte filer. Sjå Gøyme ei fil for råd om korleis du skal handsame skjulte filer.