Juster storleiken på eit filsystem
Eit filsystem kan utvidast for å ta i bruk ledig plass etter partisjonen sin. Ofte er dette mogleg medan filsystemet er montert.
For å lage plass til ein annan partisjon etter filsystemet, kan det krympast etter den ledige plassen inni det.
Ikkje alle filsystem har støtte for storleiksjustering.
Partisjonsstorleiken vert endra saman med filsystemstorleiken. Det er også mogleg å endre storleiken på ein partisjon utan filsystem på same måten.
Endre storleik på eit filsystem/partisjon
Opne Diskar frå Aktivitetar-oversynet.
Vel disken som inneheld filsystemet frå lista over lagringseiningar til venstre. Viss det er meir enn éin volum på disken, vel volumet som inneheld filsystemet.
I verktøylinja under Volum-delen klikkar du på menyknappen. Deretter klikkar du på Endre storleik på filsystem… eller Endre storleik … viss det ikkje finst noko filsystem.
-
Eit vindauge vert opna der du kan velje ny storleik. Filsystemet vert montert for å rekne ut minimum storleik basert på mengda av noverande innhald. Dersom krymping ikkje er støtta, er minimum storleik noverande storleik. Sørg for å ha nok plass i filsystemet når du krympar, slik at det kan fungere raskt og påliteleg.
Avhengig av kor mykje data som må flyttast frå den krympa delen, kan filsystemet sin storleiksjustering ta lengre tid.
Omstorleiken til filsystemet inneber automatisk reparasjon av filsystemet. Difor er det tilrådd å ta sikkerheitskopi av viktige data før du byrjar. Handlinga må ikkje avbrytast, elles vil det føre til eit skada filsystem.
-
Stadfest å byrje handlinga ved å klikke Endre storleik.
Handlinga vil demontere filsystemet dersom omstorleik av eit montert filsystem ikkje er støtta. Ver tolmodig medan filsystemet vert omstorleika.
Etter at dei nødvendige storleiksendringane og reparasjonane er utførte, er filsystemet klart til bruk igjen.