Kvifor har ikkje standard monitor-profilar ein kalibreringsutløp?
Standard fargeprofil som vert brukt for kvar skjerm, vert laga automatisk basert på skjerm EDID som er lagra i ei minnebrikke inni skjermen. EDID gjev berre eit augneblinksbilete av dei tilgjengelege fargane skjermen var i stand til å vise då han vart produsert, og inneheld ikkje mykje anna informasjon for fargekorrigering.
Å hente ein profil frå skjermprodusenten eller å lage ein profil sjølv vil føre til meir nøyaktig fargekorrigering.