Kalenderaver
Dette krev at du brukar kalenderen frå Evolution eller Kalender, eller at du har eit oppretta nettbasert konto som Kalender støttar.
Dei fleste distribusjonar kjem med minst eitt av desse programma førehandsinstallert. Dersom din ikkje gjer det, må du kanskje installere det med distribusjonen sin pakkestyrar.
For å sjå avtalane dine:
Klikk på klokka i topplinja.
-
Klikk på datoen du vil sjå avtalar for i kalenderen.
Ein prikk vert vist under kvar dato som har ein avtale.
Eksisterande avtalar vert vist til venstre for kalenderen. Når avtalar vert lagde til Evolution-kalenderen din eller til Kalender, vil dei dukke opp i klokka si avtalebok.
