Om denne guiden

Denne guiden er laga for å gje deg eit overblikk over funksjonane på skrivebordet ditt, svare på spørsmål om datamaskina og gje tips om korleis du kan bruke datamaskina meir effektivt. Her er nokre merknader om hjelpeguiden:

  • Guiden er delt inn i små, oppgåveorienterte emne — ikkje kapittel. Det betyr at du ikkje treng å bla gjennom ein heil bruksanvising for å finne svaret på spørsmåla dine.

  • Relaterte element er knytte saman. «Sjå òg»-lenkjer nedst på nokre sider vil føre deg vidare til relaterte emne. Dette gjer det lett å finne liknande emne som kan hjelpe deg med å utføre ei viss oppgåve.

  • Det inkluderer innebygd søk. Søkjefeltet øvst i hjelpenettlesaren er eit søkjefelt, og relevante resultat vil byrje å dukke opp så snart du byrjar å skrive.

  • Opplæringa vert stadig betre. Sjølv om vi prøver å gje deg eit omfattande sett med nyttig informasjon, veit vi at vi ikkje kan svare på alle spørsmåla dine her. Om du treng meir assistanse, kan du sjekke med supportteamet til distribusjonen din.