Finansielle funksjonar
Når du er i økonomimodus, er følgjande knappar tilgjengelege.
Sams |
Rekn ut kor mange samansetjingsperiodar som er nødvendige for å auke ei investering med noverdi til ein framtidig verdi, til ein fast rente per samansetjingsperiode. |
Dd |
Rekne ut avskrivinga på ein eigedel for eit spesifisert tidsrom ved bruk av metoden med dobbel avskrivingssats. |
Fv |
Rekn ut framtidig verdi av ei investering basert på ei rekke like betalingar til ein periodisk rente over talet på betalingsperiodar i løpetida. |
Brm |
Rekn ut attsalssprisen for eit produkt, basert på produktkostnaden og ynskja bruttofortenestemargin. |
Bet |
Rekne ut beløpet for den periodiske betalinga av eit lån, der betalingane vert gjort ved slutten av kvar betalingsperiode. |
Pv |
Rekn ut noverdien av ei investering basert på ein serie med like betalingar diskontert med ein periodisk rentesats over talet på betalingsperiodar i løpetida. |
Sats |
Rekn ut den periodiske renta som er nødvendig for å auke ei investering til ein framtidig verdi, over talet på rentetilfelle. |
Ln |
Rekn ut den lineære avskrivinga av ein eigendel for ein periode. Den lineære avskrivingsmetoden deler den avskrivbare kostnaden likt over levetida til ein eigendel. Levetida er talet på periodar, typisk år, over som ein eigendel vert avskriven. |
Syd |
Rekn ut avskrivinga på ein eigendel for ein bestemt periode med metoden Sum-of-the-Years'-Digits. Denne avskrivingsmetoden akselererer avskrivingssatsen, slik at meir avskrivingskostnad kjem i tidlege periodar enn i seinare. Levetida er talet på periodar, typisk år, som ein eigendel vert avskriven over. |
Per |
Rekn ut talet på betalingsperiodar som er nødvendige i løpet av ein ordinær annuitet, for å oppnå ein framtidig verdi, til ein periodisk rentesats. |
Økonomiske funksjonar kan ikkje utførast med tastaturet.