Logg på frå avstand til eininga din

Du kan logge på brukarkontoen din frå ein annan eining ved å bruke ein fjernskrive-app. Konfigurer Fjerninnlogging for å få tilgang til eininga og setje tryggingsinnstillingane.

Om du vil la andre sjå eller styre skrivebordet ditt, sjå Skrivebord-deling.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.

  2. Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.

  3. Vel Fjernskrivebord ▸ Fjerninnlogging.

  4. Trykk Lås opp og stadfest for å endre innstillingane.

  5. For å kunne logge på brukarkontoen din frå avstand, slå på Fjerninnlogging.

Koplar til

Avsnittet Korleis kopla til viser Vertsnamn og Port som kan brukast på eininga du koplar deg til. Klikk på knappen ved sidan av kvar oppføring om du vil leggje det i utklippstavla. Du kan òg opprette ei tilkopling med IP-adressa di.

Viss Fjerninnlogging er slått på, vert portnummeret sett til 3389. Brukar du også Skrivebord-deling, vert det brukt ein annan port, til dømes 3390.

Autentisering

Avsnittet Innloggingsdetaljar viser brukarnamnet og passordet du må skrive inn i klientprogramvaren som vert brukt til å kople til brukarkontoen din.

Klikk Stadfesta kryptering for å vise krypteringsfingeravtrykket. Samanlikn det med verdien som vert vist av klienten når han koplar til: dei skal vere identiske.

Klientar

For å kople til skrivebordet frå ei anna eining, er det kjent at følgjande klientar fungerer.

Frå Linux:
  • Remmina, ein GTK-klient, er tilgjengeleg som pakke i dei fleste distribusjonar, og også som ein flatpak. Bruk standardinnstillingar, særskilt «Automatisk» for Fargedybde i tilkoplingsprofilen.

  • Tilkoplingar, ein GTK-klient, er tilgjengeleg som pakke i dei fleste distribusjonar, og også som ein flatpak.

  • xfreerdp er ein kommandolinjeklient som er tilgjengeleg som pakke i dei fleste distribusjonar. Valet /network:auto skal sendast til klienten på kommandolinja.

Frå Microsoft Windows:
  • mstsc er den innebygde Windows-klienten. Standardinnstillingar er tilrådd.

Frå Linux, Windows eller macOS:
  • Thincast er ein proprietær klient. Linux-versjonen er tilgjengeleg som ein flatpak. Standardinnstillingar er tilrådd.

Sjekkar tilkoplinga

For å sjekke at tilkoplinga fungerer, følg stega nedanfor.

  1. I den valde klienten din, skriv inn Vertsnamn eller IP-adresse.

  2. Fyll inn brukarnamn og passord for Fjerntilgang.