Finn IP-adressa di
Å kjenne IP-adressa di kan hjelpe deg med å feilsøke problem med internett-tilkoplinga di. Du vert kanskje overraska over å få vite at du har to IP-adresser: ei IP-adresse for datamaskina di på det interne nettverket og ei IP-adresse for datamaskina di på internett.
Finn den interne (nettverks) IP-adressa til den kabla tilkoplinga di
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Innstillingar.
Klikk på Innstillingar.
-
Klikk på Nettverk i sidefeltet for å opne panelet.
Dersom meir enn éin type kable tilkopling er tilgjengeleg, kan du sjå namn som PCI Ethernet eller USB Ethernet i staden for Kabla.
Klikk på
-knappen ved sidan av den aktive tilkoplinga for IP-adressa og andre detaljar.
Finn den interne (nettverks) IP-adressa til den trådlause tilkoplinga din
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Innstillingar.
Klikk på Innstillingar.
Klikk på Wi‑Fi i sidefeltet for å opne panelet.
Klikk på
-knappen ved sidan av den aktive tilkoplinga for IP-adressa og andre detaljar.
Finn den eksterne (internett) IP-adressa di
Vitje whatismyipaddress.com.
Nettstaden vil vise den eksterne IP-adressa di for deg.
Alt etter korleis datamaskina di er kopla til internett, kan dei interne og eksterne adressene vere dei same.