Trøbbeloppløysar for trådlaust nettverk

Dette er ein trinn-for-trinn-guide for feilsøking som hjelper deg å identifisere og løyse trålause problem. Om du ikkje får tilkopla deg eit trådlaust nettverk av noko slag, prøv instruksjonane her.

Vi vil gå gjennom følgjande steg for å kople datamaskina di til internett:

  • Gjer eit første sjekk

  • Samlar informasjon om maskinvara din

  • Sjekkar maskinvara din

  • Prøver å opprette samband til den trådlause ruteren din

  • Utfør kontroll av modemet og tenaren din

For å byrje, klikk på Neste-lenka øvst til høgre på sida. Denne lenka, og andre som denne på følgjande sider, vil ta deg gjennom kvart steg i guiden.

Bruk kommandoen

Nokre av instruksjonane i denne guiden ber deg om å skrive kommandoar i kommandolinja (Terminal). Du finn appen Terminal i Aktivitetar-oversynet.

Om du ikkje er vand med å bruke kommandolinje, ikkje tenk på det — denne guiden vil rettleie deg ved kvart steg. Det einaste du treng å hugse er at kommandoar er store- og småbokstravære (så du må skrive dei nøyaktig slik dei står her), og å trykkje Enter etter at kvar kommando er skriven for å køyre han.