Kople til eit trådlaust nettverk

Viss du har ein trådlaus datamaskin, kan du kople til eit trådlaust nettverk som er innanfor rekkevidde for å få tilgang til internett, sjå delte filer på nettverket, og så bortetter.

  1. Opne systemmenyen frå høgresida av topplinja.

  2. Vel Wi-Fi. Wi-Fi-delen i menyen vil utvide seg.

  3. Klikk på namnet til nettverket du vil.

    Viss namnet på nettverket ikkje vert vist, bla nedover lista. Viss du framleis ikkje ser nettverket, kan du vere utanfor rekkjevidd, eller nettverket kan vere gøymt.

  4. Om nettverket er beskytta med eit passord (krypteringsnøkkel), skriv du inn passordet når du vert bedd om det og klikk Kople til.

    Viss du ikkje kjenner nøkkelen, kan han stå på undersida av den trådlause tenaren eller basestasjonen, eller i bruksanvisinga, eller du må kanskje spørje personen som administrerer det trådlause nettverket.

  5. Nettverksikonet vil endre utsjånad medan datamaskina prøver å kople seg til nettverket.

  6. Viss tilkoplinga lukkast, vert ikonet endra til ein prikk med fleire bogeforma strekar over (). Fleire strekar tyder på ei sterkare tilkopling til nettverket. Færre strekar tyder på at tilkoplinga er svakare og kanskje ikkje er særleg påliteleg.

Viss tilkoplinga ikkje lukkast, kan du verte bedd om passordet ditt på nytt, eller det kan berre stå at tilkoplinga er brote. Det er fleire ting som kan ha ført til dette. Du kan ha skrive feil passord, det trådlause signalet kan vere for svakt, eller det kan vere eit problem med trådkortet på datamaskina di, for eksempel. Sjå Trøbbeloppløysar for trådlaust nettverk for meir hjelp.

Sterkare samband til eit trådlaust nettverk tyder ikkje nødvendigvis at du har raskare internett, eller at du vil få raskare nedlastingsfart. Det trådlause sambandet koplar datamaskina di til eininga som gjev internett-sambandet (som ein ruter eller modem), men dei to sambanda er eigentleg ulike, og vil difor køyre med ulike hastigheiter.