Eg har skrive inn det rette passordet, men eg kan framleis ikkje kople til

Viss du er sikker på at du har skrive det rette trådlaust passordet men framleis ikkje klarer å kople deg til eit trådlaust nettverk, prøv noko av dette:

  • Sjekk at du har rett passord

    Passord er store- og små bokstav-sensitive (det har noko å seie om dei har store eller små bokstavar), så sjekk at du ikkje har skrive feil bokstavtype.

  • Prøv hex- eller ASCII-passnøkkelen

    Passordet du skriv inn kan også framstillast på ein annan måte — som ei rekke teikn i heksadesimalt (tala 0-9 og bokstavane a-f) kalla ein passnøkkel. Kvart passord har ein tilsvarande passnøkkel. Om du har tilgang til passnøkkelen i tillegg til passordet/passfrasen, prøv å skrive inn passnøkkelen i staden. Pass på at du vel rett trådlaus tryggleiks-alternativ når du vert bedt om passordet (til dømes vel WEP 40/128-bit-nøkkel om du skriv inn 40-teikns passnøkkel for ei WEP-kryptert tilkopling).

  • Prøv å slå det trådlause kortet av og så på att

    Av og til vert trådlause kort låste eller opplever eit lite problem som gjer at dei ikkje vil kople seg til. Prøv å slå kortet av og så på att for å tilbakestille det — sjå Trøbbeloppløysar for trådlaust nettverk for meir informasjon.

  • Sjå at du brukar rett type trådlaus tryggleik

    Når du vert bedt om passordet til det trådlause nettverket, kan du velje kva type trådlaus tryggleik du vil bruke. Pass på at du vel den som vert nytta av ruteren eller den trådlause basestasjonen. Dette skal vere valt som standard, men av og til vil det ikkje vere det av ein eller annan grunn. Om du ikkje veit kva det er, kan du prøve deg fram til du finn rett alternativ.

  • Sjå at det trådlause kortet ditt er korrekt støtta

    Nokre trådlause kort er ikkje godt støtta. Dei vert vist som trådlaus tilkopling, men dei kan ikkje kople til eit nettverk fordi drivarane manglar evna til å gjere dette. Sjå om du kan få ein alternativ trådlaus drivar, eller om du må gjere noko ekstra oppsett (som å installere ein annan fastvare). Sjå Trøbbeloppløysar for trådlaust nettverk for meir informasjon.