Kople til eit kabla (Ethernet) nettverk

For å setje opp dei fleste kabla nettverkssamband, treng du berre å kople til eit nettverkskabel. Det kabla nettverksikonet (innstillingar) vert vist på topplinja med tre prikkar medan sambandet vert oppretta. Prikkane forsvinn når du er tilkopla.

Diagram av ein Ethernet-kabel

Dersom dette ikkje skjer, bør du først og fremst sørgje for at nettverkskabelen er kopla til. Den eine enden av kabelen skal koplast til den rektangulære Ethernet-porten (nettverksporten) på datamaskina, og den andre enden skal koplast til ein svitsj, ruter, nettverkskontakt eller liknande (avhengig av nettverksoppsettet du har). Ethernet-porten er ofte på sida av ein berbar datamaskin, eller nær toppen bak på ein stasjonær datamaskin. Av og til vil eit lys ved sidan av Ethernet-porten vise at han er kopla til og aktiv.

Du kan ikkje kople ei datamaskin direkte til ei anna med ein nettverkskabel (i alle fall ikkje utan noko ekstra oppsett). For å kople saman to datamaskinar, bør du kople begge til ein nettverkshub, ruter eller svitsj.

Dersom du framleis ikkje er kopla til, støttar kanskje ikkje nettverket automatisk oppsett (DHCP). I dette tilfellet må du konfigurere det manuelt.