Stille inn nettverksinnstillingar manuelt
Viss nettverket ditt ikkje automatisk tildeler nettverksinnstillingar til datamaskina, må du kanskje taste inn innstillingane manuelt sjølv. Dette emnet føreset at du allereie kjenner dei rette innstillingane. Viss ikkje, må du kanskje spørje nettverksadministratoren din eller sjå på innstillingane til ruteren eller nettverkssvitsjen din.
For å setje nettverksinnstillingane manuelt:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Innstillingar.
Klikk på Innstillingar.
-
Viss du koplar til nettverket med kabel, klikk Nettverk. Elles klikk Wi‑Fi.
Sjå til at det trådlause kortet er slått på eller at nettverkskabelen er kopla til.
-
Trykk på
-knappen.
For ein Wi‑Fi-tilkopling vil
-knappen liggje ved sidan av det aktive nettverket.
Vel IPv4 eller IPv6 fana og endre Metode til Manuell.
Skriv inn IP-adresse og Portnar, samt korrekt Nettmaske.
I DNS-delen slår du Automatisk-brytaren av. Skriv inn IP-adressa til ein DNS-tenar du vil bruke. Legg til fleire DNS-tenaradresser med +-knappen.
I Ruter-delen, slå Automatisk-brytaren av. Tast inn Adresse, Nettmaske, Portnar og Metrikk for ei rute du vil bruke. Legg til fleire ruter ved å bruke +-knappen.
Klikk Bruk. Om du ikkje er kopla til nettverket, opne systemmenyen frå høgresida av topplinja og kople til. Test nettverksinnstillingane ved å prøve å vitje ein nettstad eller sjå på delte filer på nettverket, for eksempel.