Hald deg trygg på internett

Ein mogleg grunn til at du brukar Linux er den robuste tryggleiken som det er kjent for. Ein grunn til at Linux er relativt trygt mot skadevare og virus er at det er færre som brukar det. Virus er retta mot populære operativsystem, som Windows, som har ein ekstremt stor brukarbase. Linux er også svært trygt på grunn av sin open kjeldekode-natur, som gjer at ekspertar kan endre og forbetre tryggleiksfunksjonane som er med i kvar distribusjon.

Sjølv om det er gjort tiltak for å sikre at Linux-installasjonen din er sikker, finst det alltid sårbarheiter. Som vanleg brukar på internett kan du framleis verte utsett for:

For å halde seg trygg på nettet, hugs desse tipsa:

  • Ver varsam med e-postar, vedlegg eller lenkjer som er sende frå personar du ikkje kjenner.

  • Viss eit nettstads tilbod er for godt til å vere sant, eller ber om sensitiv informasjon som verkar unødvendig, så tenk deg om to gongar kva informasjon du sender inn og dei potensielle konsekvensane om den informasjonen vert kompromittert av identitetstjuvar eller andre kriminelle.

  • Ver varsam når du gjev rot-nivå-tilgangar til ein app, særleg til slike du ikkje har brukt før eller som ikkje er velkjende. Å gje kven som helst eller kva som helst rot-nivå-tilgangar set datamaskina di i høg risiko for utnytting.

  • Sjå til at du berre køyrer nødvendige tenester for fjernaksess. Å ha SSH eller RDP i drift kan vere nyttig, men det gjer òg datamaskina di sårbar for inntrenging om dei ikkje er skikkeleg sikra. Vurder å bruke ein brannmur for å hjelpe til med å verne datamaskina di mot inntrenging.