Muspeikaren flyttar seg ikkje

Sjekk at musa er kopla til

Viss du har ei mus med kabel, sjekk at ho er ordentleg kopla til datamaskina di.

Dersom det er ei USB-mus (med ein rektangulær kontakt), prøv å kople ho til ein annan USB-port. Dersom det er ei PS/2-mus (med ein liten, rund kontakt med seks pinnar), sørg for at ho er kopla til den grøne museporten i staden for den lilla tastaturporten. Du må kanskje starte datamaskina på nytt dersom ho ikkje var kopla til.

Sjå at musa faktisk fungerer

Kople musa til ein annan datamaskin og sjå om ho fungerer.

Viss musa er ei optisk eller laser-mus, skal det lyse ut frå undersida av musa når ho er slått på. Viss det ikkje er noko lys, sjekk at ho er slått på. Viss ho er det og det framleis ikkje er noko lys, kan det vere at musa er øydelagd.

Sjekk trådlaus mus

  • Sjå til at musa er slått på. Det er ofte ein brytar på undersida av musa for å slå musa heilt av, slik at du kan ta den med deg utan at den stadig vaknar.

  • Viss du brukar ei blåtannmus, må du sørgje for at du faktisk har para musa med datamaskina di. Sjå Kople datamaskina di til ei blåtanneining.

  • Klikk på ein knapp og sjå om musepeikaren flyttar seg no. Nokre trådlause mus går i dvale for å spare straum, så dei svarar kanskje ikkje før du klikkar på ein knapp. Sjå Muset reagerer med forseinking før det byrjar å fungere.

  • Sjekk at batteriet i musa er lada.

  • Sjå til at mottakaren (dongle) er fastkopla til datamaskina.

  • Viss musa og mottakaren kan fungere på ulike radiokanalar, må du sørgje for at begge er stilt inn på same kanal.

  • Du må kanskje trykkje på ein knapp på musa, mottakaren eller begge for å opprette ei tilkopling. Instruksjonsboka til musa bør ha fleire detaljar om dette er tilfelle.

Dei fleste RF (radiostyrte) trådlause musa skal fungere automatisk når du koplar dei til datamaskina di. Dersom du har ei blåtann- eller IR (infraraud) trådlaus mus, kan det hende du må utføre nokre ekstra steg for å få ho til å fungere. Stega kan variere ut frå merke eller modell på musa di.