Reparer eit skada filsystem

Fil-system kan verte skadde på grunn av uventa straumbrot, systemkrasj og utrygg fjerning av disken. Etter ei slik hending er det tilrådeleg å reparere eller i det minste sjekke fil-systemet for å hindre framtidig datatap.

Av og til er det nødvendig med reparasjon for å montere eller endre eit filsystem. Sjølv om sjekk ikkje melder om skade, kan filsystemet framleis vere merkt som «skitent» internt og krevje reparasjon.

Sjekk om filsystemet er skada

  1. Opne Diskar frå Aktivitetar-oversynet.

  2. Vel disken som inneheld filsystemet frå lista over lagringseiningar til venstre. Viss det er meir enn éin volum på disken, vel volumet som inneheld filsystemet.

  3. I verktøylinja under Volum-delen, klikk på menyknappen. Klikk deretter på Kontroller filsystem ….

  4. Avhengig av kor mykje data som er lagra i filsystemet kan ein kontroll ta lengre tid. Stadfest for å starte handlinga i vindauget som dukkar opp.

    Handlinga vil ikkje endre filsystemet, men vil demontere det om nødvendig. Ver tolmodig medan filsystemet vert kontrollert.

  5. Etter fullføring vert du varsla om filsystemet er skada. Merk at i nokre tilfelle kan det framleis vera behov for å reparere sjølv om filsystemet ikkje er skada, for å nullstille eit internt «skitent»-merke.

Mogleg datatap ved reparasjon

Om filsystemstrukturen er skadd, kan det påverke filene som er lagra i det. I enkelte tilfelle kan ikkje desse filene attførast til ei gyldig form og vil verte sletta eller flytta til ei eiga mappe. Det er som regel lost+found-mappa i øvste nivå i filsystemet der desse gjenoppretta fildelane kan finnast.

Dersom dataa er for verdifulle til å verte borte under denne prosessen, vert du råda til å ta sikkerheitskopi ved å lagre eit bilete av volumet før reparasjon.

Dette biletet kan deretter handsamast med reint tekniske analyseverktøy som sleuthkit for å hente ut manglande filer og datadelar som ikkje vart gjenoppretta under reparasjonen, og òg filer som tidlegare vart fjerna.

Reparer eit filsystem

  1. Opne Diskar frå Aktivitetar-oversynet.

  2. Vel disken som inneheld filsystemet frå lista over lagringseiningar til venstre. Viss det er meir enn éin volum på disken, vel volumet som inneheld filsystemet.

  3. I verktøylinja under Volum-delen, klikk på menyknappen. Klikk deretter på Reparer filsystem ….

  4. Avhengig av kor mykje data som er lagra i filsystemet kan ein reparasjon ta lengre tid. Stadfest for å starte handlinga i vindauget som dukkar opp.

    Handlinga vil demontere filsystemet om det trengst. Reparasjonshandlinga prøver å få filsystemet inn i ein konsistent tilstand og flyttar skada filer til ei eiga mappe. Ver tolmodig medan filsystemet vert reparert.

  5. Etter fullføring vert du varsla om filsystemet vart reparert. Om det lukkast kan det brukast på vanleg måte igjen.

    Dersom filsystemet ikkje kan reparerast, bør du ta sikkerheitskopi ved å lagre eit bilete av volumet slik at du seinare kan hente ut viktige filer. Dette kan gjerast ved å montere biletet som skrivebeskytta eller ved å bruke forensiske analyseverktøy som sleuthkit.

    For å bruke volumet på nytt må det formaterast med eit nytt filsystem. All data vert kasta.