Tømm alt frå ein flyttbar disk
Om du har eit flyttbart disk, som ein USB-minnepinn eller ein ekstern harddisk, vil du av og til kanskje ynskje å fjerne alle filene og mappene heilt. Det kan du gjere ved å formatere disken — det slettar alle filene på disken og etterlét han tom.
Formater ein flyttbar disk
Opne Diskar frå Aktivitetar-oversynet.
-
Vel disken du vil tømma frå lista over lagringseiningar til venstre.
Sjå til at du har valt rett disk! Vel du feil disk, vert alle filene på den andre disken sletta!
I verktøylinja under Volum-delen, klikk på menyknappen. Klikk deretter på Formater partisjon ….
-
I vindauget som dukkar opp, vel eit filsystem Type for disken.
Dersom du brukar disken på Windows- og Mac OS-datamaskinar i tillegg til Linux-datamaskinar, vel FAT. Dersom du berre brukar han på Windows, kan NTFS vere eit betre val. Ei kort skildring av filsystemtypen vert presentert som ein etikett.
Gje disken eit namn og klikk Neste for å halde fram og vise eit stadfestingsvindauge. Sjekk detaljane nøye, og klikk Formater for å tømme disken.
Når formateringa er ferdig, klikkar du på utkastikonet for å ta ut disken på ein trygg måte. Han skal no vere tom og klar til bruk igjen.
Formatering av ein disk slettar ikkje filene dine på ein trygg måte
Å formatere ein disk er ikkje ein fullstendig trygg måte å slette all data på. Ein formatert disk vil ikkje sjå ut til å ha filer på seg, men det er mogeleg at spesialprogramvare for gjenoppretting kan hente fram filene. Om du treng å slette filene på ein trygg måte, må du bruke eit kommandolinjeverktøy, som shred.