Test ytingsnivået på harddisken din

For å teste farten på harddisken din:

  1. Opne Diskar frå Aktivitetar-oversynet.

  2. Vel disken frå lista i venstrefeltet.

  3. Trykk på menyknappen og vel Ytingsmål disken … frå menyen.

  4. Klikk Start ytingsmåling … og juster Overføringsfart og Tilgangstid parametrane slik du vil.

  5. Trykk Start ytingsmåling … for å teste kor fort data kan lesast frå disken. Administrative rettar kan vere nødvendig. Oppgje passordet ditt, eller passordet til den etterspurde administratorkontoen.

    Viss Utfør skrive-ytingsmåling er valt, vil benchmarken teste kor fort data kan lesast frå og skrivast til disken. Dette vil ta lengre tid å fullføre.

Når testen er ferdig, vert resultata vist på grafen. Dei grøne punkta og linjene som bind dei saman, viser prøvane som er tekne; desse svarar til høgreaksen, som viser tilgangstid, plotta mot nedre akse, som viser prosentvis tid som har gått under ytingsmålinga. Den blå linja viser lesehastigheit, medan den raude linja viser skrivehastigheit; desse vert viste som tilgangsdatahastigheit på venstreaksen, plotta mot prosentdel av disken som er tilbakelagd, frå utsida til spindelen, langs nedre akse.

Under grafen vert verdiane for minimum, maksimum og gjennomsnittleg les- og skrivfart, gjennomsnittleg tilgangstid og tid sidan førre benchmark-test vist.