Korleis kan eg teste om fargehandtering fungerer rett?

Effektane av ein fargeprofil er av og til subtile, og det kan vere vanskeleg å sjå om noko vesentleg har endra seg.

Systemet kjem med fleire testprofilar som gjer det tydeleg når profilane vert brukte:

Blå

Dette vil gjere skjermen blå og teste om kalibreringskurvene vert sende til skjermen.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Innstillingar.

  2. Klikk på Innstillingar.

  3. Klikk Farge i sidefeltet for å opne panelet.

  4. Vel tenaren du vil leggje til ein profil for. Du vil kanskje ta notat om kva profil som vert brukt for tida.

  5. Trykk på Legg til profil for å velje ein testprofil, som skal vere nedst på lista.

  6. Trykk Legg til for å stadfeste valet ditt.

  7. For å gå tilbake til profilen din, vel eininga i Farge-panelet, og vel så profilen du brukte før du prøvde ein av testprofilane, og trykk Slå på for å bruke han igjen.

Ved å bruke desse profilane kan du tydeleg sjå når ein app støttar fargehandtering.