Kvar får eg fargeprofilar?

Den beste måten å få profilar på er å lage dei sjølv, sjølv om dette krev noko innleiande utlegg.

Mange produsentar prøver å tilby fargeprofilar for einingar, sjølv om dei av og til er pakka inn i drivarpakkar som du kanskje må laste ned, pakke ut og så leite etter fargeprofilane.

Somme produsentar gjev ikkje nøyaktige profilar for maskinvara, og det er best å unngå slike profilar. Eit godt teikn er å laste ned profilen, og om opprettingsdatoen er meir enn eit år før datoen du kjøpte eininga, er det sannsynlegvis berre fiktive data som er laga, og som ikkje er til nytte.

Sjå Kvifor må eg utføre kalibrering sjølv? for informasjon om kvifor leverandør-leverte profilar ofte er verre enn ubrukelege.