Send filer til ein blåtanntenar

Du kan sende filer til tilkopla blåtanneiningar, som enkelte mobiltelefonar eller andre datamaskinar. Enkelte typar einingar tillèt ikkje overføring av filer, eller spesifikke typar filer. Du kan sende filer ved hjelp av blåtanninnstillingsvindauget.

Send filer fungerer ikkje på einingar utan støtte, som iPhone.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Blåtann.

  2. Klikk på Blåtann for å opne panelet.

  3. Sjå til at blåtann er slått på: brytaren i tittellinja skal stå på.

  4. I Einingar-lista vel du eininga som filene skal sendast til. Om ønskt eining ikkje vert vist som Tilkopla i lista, må du kople til han.

    Eit panel for den eksterne eininga kjem fram.

  5. Klikk Send filer… og filveljaren kjem fram.

  6. Vel fila du vil sende og klikk Vel.

    For å sende meir enn éi fil i ei mappe, hald inne Ctrl medan du vel kvar fil.

  7. Eigaren av mottakaren må som regel trykkje på ein knapp for å ta i mot fila. Blåtann-filoverføring-vindauget vil vise framdriftslinja. Klikk Lukk når overføringa er ferdig.