Eg kan ikkje kople til blåtanneininga mi
Det er fleire grunnar til at du kanskje ikkje kan kople til ei blåtanneining, slik som ein telefon eller eit hovudsett.
- Tilkopling blokkert eller utrygg
Somme blåtanneiningar blokkerer tilkoplingar som standard, eller krev at du endrar ei innstilling for å tillate tilkoplingar. Sørg for at eininga di er sett opp til å tillate tilkoplingar.
- Blåtannmaskinvare ikkje attkjend
Datamaskina har kanskje ikkje attkjend blåtannadapteren eller donglen din. Dette kan skuldast at drivarar for adapteren ikkje er installerte. Enkelte blåtannadapterar er ikkje støtta på Linux, så du får kanskje ikkje dei rette drivarane til dei. I så fall må du truleg skaffe ein annan blåtannadapter.
- Adapteren er ikkje slått på
Sjå til at blåtanntilpassaren din er slått på. Opne blåtannvindauget og sjå at han ikkje er deaktivert.
- Blåtanntilkopling på eininga slått av
Sjå at blåtann er slått på på eininga du prøver å kople til, og at den er oppdagbar eller synleg. Om du til dømes prøver å kople til ein telefon, må du sørgje for at den ikkje er i flymodus.
- Ingen blåtannadapter i datamaskina di
Mange datamaskinar har ikkje blåtannadapterar. Du kan kjøpe ein adapter om du vil bruke blåtann.