Legg til ein velkomstlogo på innloggingsskjermen

Velkomstlogoen på innloggingsskjermen vert styrt av GSettings-nøkkelen org.gnome.login-screen.logo. Sidan GDM brukar sin eigen dconf-profil, kan du leggje til ein velkomstlogo ved å endre innstillingane i den profilen.

Når du vel eit passande bilete til logoen på innloggingsskjermen, bør du tenkje på desse krava til biletet:

  • Alle dei viktigaste formata er støtta: ANI, BPM, GIF, ICNS, ICO, JPEG, JPEG 2000, PCX, PNM, PBM, PGM, PPM, GTIFF, RAS, TGA, TIFF, XBM, WBMP, XPM og SVG.

  • Biletet vert skalert proporsjonalt til ei høgd på 48 pikslar. Set du til dømes logoen til 1920x1080, vert han gjord om til eit miniatyrbilete på 85x48 av originalbiletet.

Set nøkkelen org.gnome.login-screen.logo

  1. Opprett gdm-profilen som inneheld desse linjene:

    /etc/dconf/profile/gdm

    user-db:user
    system-db:gdm
    file-db:/usr/share/gdm/greeter-dconf-defaults

    gdm er namnet på ein dconf-database.

  2. Opprett ein gdm-database for innstillingar for heile maskina i /etc/dconf/db/gdm.d/01-logo:

    [org/gnome/login-screen]
      logo='/usr/share/pixmaps/logo/greeter-logo.png'
      

    Byt ut /usr/share/pixmaps/logo/greeter-logo.png med stien til biletfila du vil bruke som velkomstlogo.

  3. Oppdater systemdatabasane:

    # dconf update

Kva viss logoen ikkje vert oppdatert?

Sjå til at du har køyrt kommandoen dconf update for å oppdatere systemdatabasane.

Dersom logoen ikkje vert oppdatert, prøv å starte GDM på nytt.