Vis eit tekstbanner på innloggingsskjermen

Du kan vise ekstra tekst på innloggingsskjermen, til dømes kven brukarane skal kontakte for hjelp, ved å setje GSettings-nøklane org.gnome.login-screen.banner-message-enable og org.gnome.login-screen.banner-message-text.

Vis eit tekstbanner på innloggingsskjermen:

  1. Opprett gdm-profilen som inneheld desse linjene:

    /etc/dconf/profile/gdm

    user-db:user
    system-db:gdm
    file-db:/usr/share/gdm/greeter-dconf-defaults

    gdm er namnet på ein dconf-database.

  2. Lag ei gdm-nøkkelfil for innstillingar for heile maskina i /etc/dconf/db/gdm.d/01-banner-message:

    [org/gnome/login-screen]
    banner-message-enable=true
    banner-message-text='Skriv bannermeldinga her.'
  3. Oppdater systemdatabasane:

    # dconf update

Det er inga teikngrense for bannermeldinga. gnome-shell oppdagar sjølv lengre tekstar og går over til to kolonnar.

Bannermeldinga kan ikkje lesast frå ei ekstern fil.